Hopp til innhald

Catherine Tate

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Catherine Tate

Fødd12. mai 1968 (56 år)
FødestadBloomsbury
FødenamnCatherine Jane Ford
Aktive år1991–
Verka somkomikar, skribent, teaterskodespelar, filmskodespelar, manusforfattar

Catherine Jane Ford (fødd 5. desember 1969 i London i Storbritannia), kjend som Catherine Tate, er ein britisk skodespelar og komikar. Ho har vunne ei rekkje prisar og utmerkingar for sin innsats i BBC-humorserien The Catherine Tate Show (2004–2007), og ho har blitt nominert til en internasjonal Emmy-pris og sju BAFTA-prisar. Ho er kjend for roller i seriar som Catherine Tate's Nan og som Nellie Bertram i amerikanske The Office.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Catherine Ford blei fødd i London og vaks opp i Brunswick Centre. Ho blei utdanna ved St Joseph's Roman Catholic Primary School i Holborn, Notre Dame Roman Catholic Girls' School, Salesian College og Central School of Speech and Drama.

Frå 1988 til 1990 turnerte Tate med National Youth Theatre-oppsetjinga av Blodbryllaup, med blant andre Daniel Craig og Jessica Hynes.[1] I 1994 fekk ho rolla som Lydia Lubey i Oxford Stage Company si oppsetjing av Arthur Miller sitt All My Sons.[2] Seinare jobba ho ved Royal National Theatre, der ho hadde mindre roller i The Way of the World (1995) og Le roi s'amuse (1996). Tate spelte også med Royal Shakespeare Company under kompaniet sin timånaders-turné i Storbritannia, Australia og USA med Lee Hall sin versjon av The Servant of Two Masters (2000–2001).[3]

I midten av 1990-åra fekk Tate fleire tv-roller og byrja med standup-komedie.[4] I 2004 fekk ho sitt store gjennombrot med sketsjshowet The Catherine Tate ShowBBC. Innsatsen gav ho fleire pris-nominasjonar og ei rekkje nye roller. Blant anna spelte ho Donna Noble i julespesialen til Doctor Who, og blei seinare vikaren til Den tiande Doktoren i serien i 2008.[5]

Etter suksessen med The Catherine Tate Show, fekk Tate rolla som Joanie Taylor («Nan») i BBC One-komiserien Catherine Tate's Nan (2009–2015) og filmen The Nan Movie (2022). I 2011 hadde ho ei fast rolle som Nellie Bertram i den amerikanske versjonen av The Office, og fram til serien slutta.[6][7]

Tate hadde rolla som Miss Sarah Postern i BBC One-serien Big School (2013–2014) og hadde stemma til Magica frå Tryll i animasjonsserien Ole, Dole og Doffen på eventyr (2017–2021). I 2022 spelte Tate seks roller i Netflix-serien Hard Cell, som ho også var med på å skrive og regissere.[8]

Tate har også hatt fleire større og mindre filmroller, blant anna i Love and Other Disasters (2006), Mrs Ratcliffe's Revolution (2007), Gulliver's Travels (2010), Monte Carlo (2011) og SuperBob (2015). Ho presenterte dei britiske jurypoenga under finalen av Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.[9]

  1. «Catherine Tate webchat – as it happened». theGuardian (på engelsk). 26. november 2014. ISSN 0261-3077. Henta 17. mai 2023. 
  2. «CatherineTate | Theatricalia». theatricalia.com. Henta 17. mai 2023. 
  3. Mangan, Lucy (12. juli 2005). «'I'm a lazy control freak'». TheGuardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 17. mai 2023. 
  4. Gibson, Owen (23. desember 2005). «The Guardian profile: Catherine Tate». TheGuardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 17. mai 2023. 
  5. «Tate to be Doctor's new companion» (på engelsk). 3. juli 2007. Henta 17. mai 2023. 
  6. «The Office Promotes Catherine Tate to Series Regular». TVGuide.com (på engelsk). Henta 17. mai 2023. 
  7. «TheTruth About Catherine Tate On The Office». Looper (på engelsk). 11. mai 2020. Henta 17. mai 2023. 
  8. «Netflixannounces new Catherine Tate comedy series Hard Cell». About Netflix (på engelsk). Henta 17. mai 2023. 
  9. Sansome, Jessica (13. mai 2023). «CatherineTate makes Eurovision viewers 'scream' as she makes hidden reference». Manchester Evening News (på engelsk). Henta 17. mai 2023.